Individualisme og egoisme
Det vert snakka mykje om individualisme i vår tid, og ofte har det ein negativ klang. Individualismen får skulda for negative trekk i samfunnet, slik som mangel på samhald og mangel på omsorg. Kvar tenkjer på seg og sine, og er seg sjølv nok. Folk ser innover på seg, og ikkje utover på nesten. I samband med valkampar og lønsforhandlingar vert ofte slike trekk forsterka. Det er korrekt at dette er negative trekk og mangel på nestekjærleik, men det er ikkje uttrykk for individualisme. Derimot er det egoisme. Individualismen er gudvilja, og tek vare på menneskeverdet og samfunnstanken.
Då Gud skapte mennesket, skapte han oss i sitt bilete som mann og kvinne. Han skapte oss som individ med personleg ansvar og med personleg samfunn med Gud og med nesten. Det høyrer til menneskets vesen å vera individ som høyrer Gud og kvarandre til.
Mennesket vart ikkje skapt til isolasjon eller til å vera seg sjølv nok. Det var ikkje godt for Adam å vera åleine, og blant dyra fann han ikkje nokon som kunne vera hans like og hans medhjelp. Då skapte Gud Eva som Adams likeverdige medhjelp. Det viser at mennesket som individ er skapt til samfunn med kvarandre. Samstundes vart Adam og Eva, og med det alle menneske, skapte ulike — altså som individ.
Fysisk sett er det individuelle ved menneske så gjennomført at blant alle milliardar menneske finst det ikkje to som er heilt like. Individet kan skiljast ut ved fingeravtrykk og DNA. Tilsvarande er det med mennesket som åndsvesen og personlegdom. Slik sett skal mennesket vera seg sjølv. Problemet oppstår når mennesket trer ut av sin posisjon etter skapinga, og vert seg sjølv nok.
Saka er at mennesket ikkje berre er skapt av Gud, men det har skjedd eit syndefall. I det fallet gjorde mennesket opprør mot Gud og med det mot den posisjonen det hadde i skaparverket, og då kom egoismen — og denne vert lett ofte feilaktig utlagt som individualisme.
Omgrepet «individualisme» oppstod på 1800-talet, men realiten går heilt tilbake til opphavet, og har vore avgjerande på fleire punkt i historia. Det var ut frå det personlege ansvaret Martin Luther stod opp både mot kyrkjemakt og samfunnsmakt på 1500-talet — han visste seg ansvarleg for Gud.
Sann individualisme er god og nødvendig. Utan den respekten for personlegdomen som ligg i denne, vert mennesket ufritt og kjem i ein posisjon som slave, som undertrykt eller som eit nummer i rekkja. På andre sida er det slik at dersom individet vert isolert og reindyrka, får egoismen og sjølvrådetrongen utfalda seg. Det vert til skade for nesten og samfunnet — og for individet.
Problemet er ikkje den ekte individualismen, fordi denne i si sjølvrealisering handlar alltid ut frå ansvar for nesten og etter overordna etiske normer. Då innrettar ein seg til samfunnets beste, slik samfunnet har definert dette gjennom sine reglar og normer — så sant desse ikkje bryt med individets livsrett og menneskeverd.
Det som er det store problemet for samfunnet, er egoismen. Egoismen kan — paradoksalt nok — også oppstå som eit konformitetspress, eit press i retning av at alle må tenkja og handla likt. I vår tid har dette presset mot individet eit sterkt antikristent, sekulært, rasjonalistisk og materialistisk preg.
(22.10.2009 kl. 05:04)